Fem i bagen med Alf Kjetil Walgermo

Del

Fem i bagen med Alf Kjetil Walgermo

Norsk forfatter tester driblefoten med diktsamling om fotball

Del

Tekst Audun Vinger

04.06.2026

Det er snart Trump-VM og potensielt livsfarlige skjenketidseksperimenter i furet værbitt. Åssen skal det gå, egentlig? Her må man kanskje be høyere makter om assistanse. Eventuelt ty til tidligere kulturredaktør, nå journalist, i avisen Vårt Land, Alf Kjetil Walgermo. Han er også forfatter. For ikke veldig lenge siden utga han den underholdende sakprosaboka «Litteratur i Andeby» om Donald Duck-universets nedslagspunkter i litteraturhistorien. Og med en djevelsk timing, og uten hjelp av KI-faenskapet som forpester andre deler av fotballforleggeriet for tiden, er han nå aktuell med bokutgivelsen «Krysset er alltid ledig. Norge kan vinne VM og andre dikt» (Samlaget). Så derfor kunne det være på sin plass å gi ham anledning til å velge fem fra gymbagen og greie litt ut om dem og hans beveggrunner for å behandle dette lyrisk.

Foto: Tone Leksbø Walgermo

1: I diktsamlinga samtaler eg med norrøn visjonsdikting, ikkje minst Voluspå. Volva si skildring av verda frå idyll til katastrofe – og ei ny begynning – er relevant både på fotballbana og i menneskelivet elles. Livet kjem med sigrar og glede, og det kjem med nederlag, tap og sorg. I dikta vev eg saman moderne fotballhistorie, Norge og VM-jubel med personlege tapserfaringar og tider med mørke, både politiske og personlege. Ved å bruke fotballen som eit prisme for den menneskelege eksistensen, løfter eg samtidig fram leiken i det grøne graset som tumleplass og medskapar av lys.

RUND ER BALLEN

Rund er ballen
Rund er jorda
Der gror grunnen med grønan gras

2: Eg hadde lenge tenkt på å skrive ei diktsamling med utgangspunkt i fotball, å bruke det mange tenker på som ein smal sjanger til å skildre eit breitt fenomen. Forløysinga kom då Norge i fjor haust kvalifiserte seg til fotball-VM, noko som utløyste ei sterk glede som minna meg om ungdomstida mi på 1990-talet. Noko av spennet i diktsamlinga er mellom barnet og den vaksne mannen – som i leiken og fotballen framleis ber mykje av barnet i seg.

KRYSSET ER ALLTID LEDIG

To dagar i løpet av livet
kunne eg når som helst
plassere ballen i krysset

Spark etter spark
frå kort eller langt hald
Alltid i krysset
Alltid i mål
Krysset er alltid ledig

No er eg 48 år
Kvifor berre to dagar?
Kunne eg ikkje alltid ha skote i krysset
når eg først hadde lært meg å skyte i krysset?
Hadde eg då likevel kunna blitt fotballproff?

Det er ikkje slik fotballen er
Det er ikkje slik livet er
Men eg har enno ikkje gitt opp håpet
Draumen om ein tredje dag

Krysset er der
ledig

3: Eg og kona mi opplevde å miste eit barn tre dagar før fødselsterminen. Nokre år seinare mista vi eit barn til seint i svangerskap. Dei to ligg i same grav, med ein hjarteforma stein over. Dei mørke renningane i samlinga har sitt utspring her, men ligg hovudsakleg vevd saman med metaforar frå den norrøne visjonsdiktinga og ulven som sluker sola. I eitt dikt skriv eg det heilt konkret. Mot mørket stillet eg lyset frå fotballen, ei tilflukt til trøysta i leiken.

HIMMELSLETTER

Eg har to av barna mine
 dei grøne himmelsletter
Kanskje er det også
 sauer der?
Bæ, bæ
 lille lam
lydde songen frå kyrkjebenkane

Meir enn å gråte
over det tapte
vil eg tenke på glede
Eg vil tenke på latter
på dei to som spring etter ein ball

 dei grøne himmelsletter
er det godt
 å vere
Skyt barna mine i krysset kvar dag?
Truleg ikkje, men dei lever i leiken
Løkkefotball i himmelen

4: Dei færraste av oss går igjennom livet utan å ryke på nederlag. Slik er det definitivt også på fotballbanen. Kvar nye kamp ber i seg potensialet for ragnarok eller triumferande jubel. Slik er det når Norge skal spele i verdsmeisterskapet i fotball, og slik er det når vi sjølve møter dagane med alt sitt. Alt vi oftast må gjennom tap for å nå til siger, er ei erfaring delt av all verdas fotballsupportarar – inkludert oss nordmenn, som måtte vente 28 år, ei lita ørkenvandring, før vi kunne sleppe jubelen laus over ny VM-billett. Men somme gonger ser ikkje jubelen nærliggande ut, når vi står midt i nederlaget. Då er det berre trua, håpet og kjærleiken som kan løfte oss.

ALT STÅR PÅ SPEL

Det finst tider i livet
der alt står på
 spel
ikkje berre ein fotballkamp
men sjølve grunnen under føtene dine

Det finst tider i livet
der ballen flyttar seg
på måtar du aldri skulle tru
og du går på plutselege nederlag

Hugs likevel på
når alt står på
 spel
at ballen framleis er rund
at du alltid vil få ein ny sjanse

Det finst tider i livet
der det ikkje ser slik ut
der du har øydelagt for deg sjølv
øydelagt for laget ditt

Hugs likevel på
når alt står på
 spel
at det finst nokon som elskar deg
og som jublar når du reiser deg igjen

5: I dikta har eg også vald å nerde litt på vegner av fotballen. Ikkje minst går eg konkret inn i ein del magiske norske fotballaugeblink. For mange, inkludert meg, er sterke prestasjonar av det norske landslaget blant våre vakraste minne. Når eg søker i meg sjølv etter det som har gitt meg størst glede i livet, må derfor Kjetil Rekdals volleyskot i krysset på Wembley med, spelemålet mot Mexico og straffesparket mot Brasil. Ja, alle sigrane over England må med, og knusinga av Italia i fjor haust. No er det våre nye beste menn som skal kjempe for Norges ære i fotball-VM. Eg gler meg som barnet! Det blir ikkje lett å hevde seg, men det er mogleg. Det finst alltid ein sjanse når ein er med i leiken. Krysset er alltid ledig, også når sommarens VM er forbi.

VEGEN TIL FINALEN

Vegen til finalen
er ingen enkel veg
Vi har aldri gått han
veit ikkje korleis han ser ut

Vegen til finalen
kan vi drøyme om
Vi kan sjå han for oss
men han byr alltid på overraskingar

Ingen kjenner morgondagen
eller kveldens kamp
Alt vi kan gjere, er å førebu oss
møte opp og gjere vårt beste

Blei det ikkje finalen
denne gongen heller
er vi framleis på vegen
mot den neste

Boka kan for eksempel kjøpes her.

Audun Vinger

Journalist og kritiker i Tidens ånd.

Hold deg oppdatert

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få ukas saker rett i innboksen.