Utdrag fra en kollektivroman om en kollektiv dag
– Om eg ikkje hadde greidd å legge det analytiske blikket på hylla i sentrale delar av skriveprosessen, hadde det nok aldri vorte ei bok av det, sier kritiker, redaktør og debutant Maria Horvei, om debutboka «Gratulerer med dagen».
Tekst Oscar Grimstad
26.09.2022Bli Tidens ånd-abonnent
Tidens ånd er en kulturavis for deg som er opptatt av hvordan kulturen er, bør være og ikke være. Akkurat slik som oss.
Dette er saken
Maria Horvei har plukket et valgfritt utdrag fra sin debutroman Gratulerer med dagen (Gyldendal forlag, 2022), og vi har stilt de nødvendige spørsmålene.
«Ho hadde alltid tenkt som så, at det fanst ingen vakrare farge enn grønska i nyutsprungne bjørkeblad. Det fanst ingen vakrare lyd enn klirringa frå sauer som nett var slepte ut på bakkane, og ikkje noko vakrare syn enn fjellsider som var kvitt dei siste fennene med snø.
Laila Vassenden valde seg mai, for i han hadde det gamle allereie falle.
Ho valde seg mai, for i han var det nye framleis nytt.
My first, my last, my everything.
It’s gonna be MAY.
Ha-ha.
Det nye. Det gamle. Det nye. Det gamle. Det var mai-sola som skein inn over ho akkurat no, maistøvet som kvervla i lyssøylene på tvers av rommet, mailufta ho kunne kjenne draget av gjennom det opne soveromsvin- dauget. To fuglar song til kvarandre der ute, kjapt og jagande som barnehagebarn, og det dei sa var: Mai! Mai! Kan du tru at det er mai? Det er sant, det er sant, det er heilt, heilt sant!
Mai, tenkte ho, var det bitte vesle, halve sekundet som er notida, knivseggen fortida og framtida balanserte på, den jublande stunda på toppen av huska. Og her, liggande i senga i det som ein gong hadde vore jenterommet hennar, nyss vekt av salutten som fortalde at no – no! – byrja den 17. mai, kjende ho alle tidslaga falde seg over einannan og nulle einannan ut. Ein månad før ho sjølv fylte tjuefem, låg ho over omrisset av sin eigen kropp som ti år, tretten år, seksten år gamal. Ho hadde tynne lemmar dekte med dun, ho hadde akkurat blødd på lakenet for fyrste gong, ho var varm i heile seg fordi ... Berre fordi. Kroppen hen- nar på madrassen strekte seg over alt det som ein gong hadde vore, ho var heilt ny i eit terreng som knapt hadde endra seg.
Tenk: Morgonar akkurat som denne, der ho låg vaken lenge før smella gjekk av i grustaket, og overtydde seg sjølv om at dei aldri kom til å kome, at eit hòl i tida hadde opna seg medan ho sov, og slukt heile 17. mai. Så håplaust! Akkurat då kvardagen skulle rykkast ut frå den snublande keisemda og piskast til å rope hurra, akkurat då livet skulle tvingast til å opptre slik ho meinte det alltid burde gjere!
Tenk: Det hadde vore magi.
Tenk: Kunne han framleis fungere?»
– Meir stoltheit på spel
– 183 sider utgjør denne boka. Hvorfor valgte du å plukke fram akkurat dette?
– Eg tenkte det fungerte fint som ein inngang? Det er henta frå det andre kapitlet, då lesaren fyrst vert kjend med Laila, éi av dei fire karakterane boka krinsar kring. Å vakne opp på 17. mai, å prøve å plassere sitt eige litt flytande medvit inn i den tida og det rommet som nasjonaldagen utgjer … Eg syns det er ein bra stad å starte.
– 17. mai har jo sjeldent blitt viet særlig stor plass i litteraturen. Hva er det med nasjonaldagen som egner seg som utgangspunkt for en kollektivroman?
– 17. mai er ein kollektiv dag, samstundes som grensa mellom av det å vere del av det fellesskapet ei offentleg nasjonaldagsfeiring er, og det å vere ganske einsam, ofte er ganske skjør. Dei fire karakterane i boka mi er knytta saman på ulike vis, og i løpet av dagen tangerer dei kvarandre og vert nøydde til å forholde seg til kvarandre. Men i bunn og grunn går dei gjennom dagen aleine; dei kjem seg aldri heilt ut av sine eigne bobler, og dei greier aldri å eigentleg formidle utad kva det er som skjer på innsida. Som jo er eit definerande trekk ved den menneskelege tilstand.
– Er det snakk om et til nå uforløst litterært potensiale?
– Absolutt! Om eg med denne boka faktisk har forløyst det, er eit anna spørsmål, som eg overlet til andre å svare på.
– Du har jo lenge stått på den siden, som kritiker og redaktør. Hvordan er det å debutere som forfatter med den erfaringen? Var det en større selvbevissthet involvert, eller enn mer analytisk enn intuitiv skriveprosess?
– Om eg ikkje hadde greidd å legge det analytiske blikket på hylla i sentrale delar av skriveprosessen, hadde det nok aldri vorte ei bok av det. Å vere sjølvkritisk og å evne å redigere seg sjølv sånn litt undervegs, er utvilsamt gode eigenskapar å ha med seg forfattar. Men det finst eit punkt der desse eigenskapane vert meir av ei hindring enn ei produktiv kraft, og då må ein ganske enkelt be den indre kritikaren om å gå og ta seg ein kaffi medan du rundar av fyrsteutkastet. Elles trur eg jo heilt klart at erfaringa som kritikar og redaktør har spelt inn i opplevinga av å debutere skjønnlitterært. På den kjipe sida står det kanskje meir stoltheit på spel, på den positive sida veit eg at det ikkje er så frykteleg, frykteleg farleg – sjølv om det i perioder kjennes slik ut.
– Flere av karakterene i boka opplever å vende hjem til bygda i anledningen nasjonaldagen. Laila Vassenden kjenner "(...) alle tidslaga falde seg over einannen og nulle einnanen ut" når hun returnerer til jenterommet. Hva er det denne erfaringen rommer, og hvorfor tror du det er et bilde som har vist seg å fungere så godt i litteraturen?
Har du konto? Logg inn